- Per dags dato er det ikkje noko ledig næringsareal på Nærbø. Ferdig nytt areal, cirka 40.000 m2, vert klart for sal cirka årsskiftet 2025/2026.
- Næringsområdet blir opparbeidd med vegar, vatn, avløp og nødvendig infrastruktur. Her kan arbeidsintensive bedrifter kjøpa næringstomter. Det er lagt opp til ei fleksibel tomteinndeling for å imøtekoma bedriftene sine behov og ønske om arealstorleik på tomtene.
- Nærbø har eit svært aktivt næringsliv. Her finn du innovative bedrifter innanfor oljerelatert verksemd, landbruk, bygg og anlegg.
- Nærbø har gode samband til regionen. Med tog kjem du til Stavanger og Sandnes på under 30 minutt. Til Egersund tek det cirka 20 minutt. Det er òg gode vegsamband via fv44 og E39 til området.
- Området består av fleire næringsområde som er utbygde over tid, til eit samla næringsområde.
- Kviamarka næringsmiddelpark er Noregs største samla næringsområde for foredling av mat.
- Det er i dag etablert fleire store aktørar innan matforedling i Kviamarka – som mellom anna Tine, Nortura, Prima Jæren, Den Stolte Hane og Miljøgartneriet. Samhandling mellom bedriftene gjer området til eit effektivt og miljøfokusert næringsområde.
- Ønsker du å etablera deg i dette området, har me ledige næringsareal til rett aktør innanfor matforedling og produksjon. Næringsområdet ligg i nær tilknyting til næringsområdet på Grødaland.
- For meir informasjon, ta kontakt.
- Her har Hå kommune cirka 15.000 m2 nytt og rimeleg næringsareal for sal. Næringsområdet er opparbeidd med veg, vatn, avløp og anna infrastruktur.
- I Tjemslandsmarka kan arbeidsintensive bedrifter kjøpa næringstomter. Det er lagt opp til ei fleksibel tomteinndeling for å imøtekoma bedriftene sine behov og ønsker om storleik på tomtene.
- Ønsker du meir informasjon om området – sjå kart og føresegner på denne sida, eller ta kontakt.
- På Varhaug er det eit aktivt næringsliv, ved Tjemslandsmarka og området rundt er det i dag fleire solide bedrifter, mange av bedriftene her er knytte opp mot bygg og anlegg, landbruk, matforedling og vedlikehald av bil.
- Varhaug har gode samband til regionen. Med tog kjem du til Stavanger og Sandnes på under 30 minutt. Til Egersund bruker du cirka 20 minutt.
- Det er òg gode vegsamband via fv44 og E39 til området.
- Reguleringsføresegner Tjemslandsmarka (PDF, 26 kB)
- Plankart Tjemslandsmarka (PDF, 923 kB)
- Stokkalandsmarka industriområde er eit satsingsområde for kommunen. Området er i dag eit populært bustadområde, og kommunen vil utvida arealet for både bustad og næring i åra framover.
- Her har Hå kommune cirka 40.000 m2 nytt og rimeleg næringsareal for sal. Området er under utviding, så det kjem meir tilgjengeleg areal på sikt.
- Området består av fleire flotte bedrifter innanfor bygg og anlegg, mekanisk industri, foredlingsfabrikk m.m.
- Er du interessert i tomt eller å etablera verksemd her? Ta kontakt for meir informasjon.
- Plankart Stokkelandsmarka Sør (PDF, 756 kB)
- Reguleringsføresegner Stokkelandsmarka Sør (PDF, 34 kB)
- Nylund ligg rett ved fylkesveg 44 med berre 5 minutt gåavstand frå Sirevåg stasjon på Jærbanen. Her har me cirka 9.000 m2 rimelige næringsareal for sal.
- Området er ferdig opparbeidd og arealet er grovplanert, sprengt fjellgrunn. Området ligg ikkje langt frå Sirevåg hamn, som har to ISPS-terminalar/kaier.
- Har du behov for eit næringsareal i nærleiken av fv44 og E39, godt kollektivtilbod og nærleik til hamn så er Nylund godt eigna. Ta kontakt for meir informasjon.
- Plankart Nylund (PDF, 2 MB)
- Reguleringsføresegner Nylund (PDF, 10 kB)
- Hå kommune vil arbeida for at Skoga næringsområde skal utviklast som eit tyngdepunkt for industrietablering i kommunen.
- Skoga ligg rett ved fylkesveg 44 med berre 5 minutt gåavstand frå Sirevåg stasjon på Jærbanen. Her har me store og rimelege næringsareal for sal. Området ligg òg eit steinkast frå Sirevåg hamn. I Sirevåg hamn er det 2 ISPS-terminalar/kaier.
- Har du behov for eit næringsareal med nærleik til hamn, fv44, E39 og godt kollektivtilbod er Skoga eit veldig eigna alternativ.
- Akkurat nå har me ikkje ledig areal til sals i Skoga, men området er under utviding – så det kjem meir tilgjengeleg areal på sikt.
- Plankart Skoga (PDF, 2 MB)
- Reguleringsføresegner Skoga (PDF, 30 kB)