LandbrukHå er den største husdyrkommunen i Norge. Omlag halvparten av arealet i kommunen er brukt til jordbruksformål. Nyheiter frå landbrukskontoret i HåLes siste nyttAbonner på nyheitsbrev: Send e-post til landbrukskontoret Søk om støtte:TilskotsordningarTa kontakt med landbrukskontoret om du treng hjelp.Ordningar for jordbruk, eigedom og miljøOrdningar for jordbrukOrdningar for eigedomOrdningar for klima og miljø Tiltak i kulturlandskapet Inngrep i kulturlandskapet krev ofte løyve frå eit lovverk, og du bør derfor kontakta kommunen før du går i gang med eit planlagt tiltak.Søknadsskjema finner du her.(PDF, 73 kB) Eksempel på tiltak du må søka om:NydyrkingDrifts- og skogsvegarFysiske tiltak i vassdrag - eige skjemaTilplanting av dyrka jord og juletreLukking av open grøftEtablering av ridebaneFjerning av åkerholmarFjerning av steinrøyser og steingardarFjerning av åkerkantarFjerning av stein frå kulturbeiteMottak av masser/deponiTiltak som inneber vanleg stell av eigedomen er ikkje søknadspliktig. Eksempel på dette er grøfting eller fjerning av tre som veks innover jordet og er til hinder for drift av jordvegen. Tiltak i Vassdrag Ved tiltak i vassdrag, må du alltid ta kontakt med landbrukskontoret først.Søknaden om tiltak i vassdrag går via kommunen til Fylkeskommunen eller Statsforvalteren, som skal behandla søknaden. Det betyr ikkje nødvendigvis at det er vanskeleg å få tillatelser, målet er å jobba for at arbeidet blir utført på ein slik måte at forhold for livet i vassdraget ikkje blir forringa.Det er mogleg å få tilskot til tiltak knytta til vassdrag. Søknadsskjema for søknad om tiltak i vassdrag finn du her.Her kan du sjå eksemplel på miljøvennleg erosjonssikring(PDF, 7 MB). Gjødsel og spreieareal Kva er godkjent som spreieareal?All fylldyrka jord er godkjent spreieareal. Innmarksbeite må ha ei godkjenning av kommunen før du gjødslar med husdyrgjødsel. Sjekk godkjent spreiearealSøk om godkjenning av nytt spreieareal Fristar:Husdyrgjødsel kan spreiast i perioden 15. februar til 1. september. Får du tilskudd til slangespreiing eller utkjøring med nedfelling av gjødsel, gjennom Regionalt Miljøprogram er fristen sett til 10. august.Leige av spreieareal Ved leige av spreieareal skal det bli laga ein skriftleg avtale mellom leverandør og mottakar av husdyrgjødsel. Kvittering for mengde levert husdyrgjødsel etter gjødsling er eit krav. Eksempel på ein slik avtale med kvitteringsdel finn du her(PDF, 473 kB)Reglar for gjødslingEr det nokon som køyrer gjødsel for deg, bør dei få eit kart som tydeleg viser kor dei kan køyra gjødsel. Temakart har ein utskriftsfunksjon for kart. Sjølv om eit areal er teikna inn som godkjent, kan det vera område innanfor for eksempel eit vassrikt område eller ei grøft som ikkje kan gjødslast. Slike område blei tidlegare trekt frå i utrekninga, men blei ikkje spesifisert i kartet. Reglar uansett godkjenning:Det skal ikkje gjødslast på 5 meter frå kvar side av bekk eller open grøft på beiteDet skal vera 5 meter til kant av veggrøft langs offentleg og privat vegDet skal vera 5 meter frå kant av vassig og udrenert myr og liknande.Det skal vera 15 meter til vasskant på vatn ved normal vasstand.Hugs:Gje god informasjon vidare dersom det er andre som køyrer på gjødsel. Det er du som bestiller som har ansvaret.Store nedbørsmengder er ein risikofaktor når det gjeld avrenning til vassdrag. Det er tapt næring i tillegg til at det ikkje er bra for vassdraget. Litt regn etter spreiing på litt opptørka er bra.Mengde utkjørt gjødsel må vera i forhold til godkjent spreiieareal– ikkje bruttoareal. Autorisasjonsbevis for plantevern og gnagermiddel For å kunna kjøpa og bruka plantevernmiddel må du ha eit autorisasjonsbevis, såkalla sprøytesertifikat. For å få dette må du gjennomføra kurs og bestå eksamen. Sprøytesertifikatet er gyldig i ti år.Kven kan få autorisasjon for bruk av plantevernmiddel?Sjå informasjon på mattilsynet.no. Er du i tvil om du kan få beviset; ta kontakt med kommunen før kursstart.Korleis kan eg få autorisasjon for bruk av plantevernmiddel?Norsk Landbruksrådgiving Rogaland arrangerer kurs som gjev bevis for første gong, og kurs i fornying. Plantevernkursa legg mest vekt på jordbruksproduksjon, men andre næringar/produksjonar har også høve til å delta.Mattilsynet har nettbaserte kurs for fornying av bevis, sjå mattilsynet.no. Autorisasjonsordning for gnagermiddelEigar eller leigar av landbrukseiendom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermiddel. For å få denne autorisasjonen, må du ha gått på tilleggskurs for gnagerbekjemping og ha gyldig plantevernmiddelautorisasjon. På nettsida til NLR Rogaland finn du påmelding til kurs i dette. Landbrukstenester/avløysarlag Landbrukstenester Hå er eit avløysarlag for bøndene i Hå. Sjuke bønder kan ringa vakttelefonen på 900 58 324 for å få landbruksvikar. Kontakt oss LandbruksavdelingaHalldor Gislason, landbrukssjefTelefon: 415 32 691E-post: hgis@ha.kommune.noAnsvarsområde: Konsesjon, bu- og driveplikt, landbruksvegar, Innovasjon Norge.Else Brit Helland Mæland, konsulent landbruksforvaltingTelefon: 481 39 381E-post: ebh@ha.kommune.noAnsvarsområde: Produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot, kontakt med Mattilsynet når det gjeld dyrevelferd og plantevernmiddel.Alf Henning Haukeland, konsulent landbruksforvaltingTelefon: 992 14 824E-post: ahha@ha.kommune.noAnsvarsområde: Produksjonstilskot, avløysertilskot, tilskot ved sjukdom og fødsel, drenering, oppdatering av gardskart, erstatningssaker.Karin Hansen Nærland, landbruks- og miljørådgiver Telefon : 959 78 069E-post: karin.naerland@ha.kommune.no Ansvarsområde: Vassforvalting, nydyrking, tiltak i kulturlandskapet, SMIL-midler, forureining.Tone Lillemo, landbruksrådgiverTelefon: 992 14 893E-post: Tone.Lillemo@ha.kommune.noAnsvarsområde: Regionalt miljøtilskot, SMIL- midler, viltforvaltning, godkjenning av spreieareal.SkogbrukFor spørsmål om skog i Hå, kan du kontakta skogbrukssjef Adrian Olesiak. E-post : Adrian.Olesiak@klepp.kommune.noTelefon: 47 48 50 03Frivillige tiltak i landbruketKontakt oss for å rådgjeving om tiltak som bidrar til betra vasskvalitet.Per M. BjorlandTlf: 91 57 93 79Marianne GoaTlf: 45 73 92 91Varslingstelefonar Varsel ved påkøyring av viltdyr Skada og sjuke viltdyr: Ring politiet 02800.Skada fugl: Ring Norsk viltsykehus på tlf: 40 31 94 26Døde viltdyr langs fylkesveg: Ring 02800Døde viltdyr langs kommunal veg: Ring teknisk vakttelefon 51 79 30 90Døde viltdyr på privat eigedom: Eigar er sjølv ansvarleg for å fjerna dyret.Rovviltkontakt i kommunen: Olav Steinberg, tlf: 41 44 63 98 Mattilsynet region sør og vest Regionkontor: Jærveien 12, 4319 SandnesSentralbord: 22 40 00 00 E-post: postmottak@mattilsynet.no ÅpningstiderRegiondirektørOle FjetlandTlf: 22 77 87 88 Mobil: 41 43 07 09 InformasjonPå Mattilsynets nettside finn du meir informasjon BekymringsmeldingDu kan levera bekymringsmelding på Mattilsynets nettside. Veterinærvakt Små dyr: 40 08 99 27Store dyr: 51 43 04 70 Rovviltvarsling til Statens naturoppsyn Dersom du ser freda rovvilt eller spor av freda rovvilt, er det ønskeleg at du melder inn observasjonane til rovviltkontaktane i regionen. Dette er viktig for å kartlegga bestanden. Ein god kartlegging av rovviltbestanden er avgjerande for tildeling av kvoter ved mellom anna lisensfelling. Berit Helland er rovviltkontakt for Hå: 97 70 32 75Jon-Erling Skåtan er rovviltansvarleg for Rogaland: 48 25 48 03 Sist endra 13.06.2025 14.49