Vellag Her kan vellag i Hå kommune søka om støtte til tiltak innan park, nærmiljø, natur og friluftsliv. Søknadsfrist: 1. septemberSøk om støtteKven kan søka?Vellag heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstøtte basert på driftsavtale med kommunen, samt investeringstilskot til nærmiljøanlegg og leikeplassutstyr.Vellag som bidrar med vedlikehald, drift eller bygging av aktivitetsanlegg i friområde.Vellaget må vera registrert med eige organisasjonsnummer i Frivillighetsregisteret.Laget må levera godkjent årsmelding og rekneskap før støtte blir utbetalt. Kva kan du få støtte til?Tiltak innan park, nærmiljø, natur og friluftsliv.Kor mykje kan du søka om? Hå kommune gir eit samla årleg tilskot til vellag på kr. 250.000.Støtten er fordelt slik: kr. 150.000 støtte til drift og vedlikehald, kr. 100.000 investeringstilskot.Støtte til drift og vedlikehaldStøtten blir fordelt etter: Talet på leikeplassar og grøntområde vellaget held ved like.Storleik på arealet laget har ansvar for (luking, klipping av plen/hekk).Mengde og omfang av vedlikehald på leikeutstyr.Søknadsfrist: 1. september Sist endra 09.04.2025 13.12