Velferdstiltak for eldre

Lag og organisasjonar i Hå kommune som driv kontinuerlege nærmiljøtiltak for eldre kan søka om støtte til drift og til ein tur i året.

Søknadsfrist: 20 februar

Søk om støtte

Kven kan søka?

  • Lag og organisasjonar i Hå kommune som driv kontinuerlege nærmiljøtiltak for eldre kan søka om støtte til drift og til ein tur i året.
  • Tiltaka skal vera opne for alle eldre, uavhengig av lagsmedlemskap, og gje høve til eit fritt og uforpliktande samvær.
  • Lag og organisasjonar som tek imot støtte frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

Kva kan du få støtte til?

  • Drift 
  • Ein tur i året

Søknadsfrist: 20. februar