FolkepulsenHer kan alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd søka om støtte gjennom Folkepulsen i Hå. Søknadsfrist: 20. novemberSøk om støtteKven kan søka?Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd.Kva kan du søka tilskot til? Du kan søke om tilskot til aktivitetar som er spesielt retta mot inaktive personar, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.Tilskotsordninga omfattar:nye aktivitetarrekrutteringstiltak og tilrettelegging for dei aktuelle målgruppene i eksisterande aktivitetarSlik behandlar vi søknaden:Du skal senda søknaden til Hå Idrettsråd via søknadsskjemaet.Styringsgruppa for Folkepulsen i Hå prioriterer søknadane og legg dei fram for idrettsrådet.Idrettsrådet fordeler tilskotet.Du får skriftleg svar etter at vi har behandla søknaden.Søknader som kjem for seint, blir som regel ikkje behandla.Vilkår for å få tilskot:Du må gjera greie for kva målgruppe aktiviteten rettar seg mot.Legg ved ein kort omtale av tiltaket eller prosjektet.Omtalen skal visa kva aktiviteten går ut på, kvar og kor ofte han skal vera, og kven som har ansvar som instruktør eller leiar.Idrettslaget ditt må ha ein fast kontaktperson for Folkepulsen.Du kan få tilskot til:administrasjon og oppfølging av aktivitetinstruktørarkurs og opplæring av nye instruktørardeltakaravgift i oppstartsperioden for nye deltakarar (starttilskot på inntil kr 1.000,- per deltakar for opp til 6 + 6 månader) NB!Du må leggja fram deltakarlista etter kvar periode på 6 månader før vi kan betala ut tilskotet.Etter oppstartsperioden må deltakarane sjølv betala deltakaravgift og medlemskontingent.Idrettslag som tek imot støtte frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson. Søknadsfrist: 20. november Sist endra 23.10.2025 08.33