Driftsstøtte til lag og organisasjonar

Her kan lag og organisasjonar som høyrer til i Hå søka om støtte til drift, utstyr og kurs.

Søknadsfrist: 20 februar

Søk om støtte

Kven kan søka?

  • Frivillige lag og organisasjonar heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstilskot basert på medlemstal, tilskot til utstyr og til kurs.
  • Tilskotet gjeld berre for medlemmer i alderen opp til og med 19 år.
  • Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.

 

Kva kan du få støtte til?

  • Driftsstøtte basert på medlemstal
  • Utstyr
  • Kurs

 

Støtteordninga gjeld ikkje for:

  • Lag som primært tek i vare yrkes- eller økonomiske interessar for medlemmane
  • Politiske parti og politiske ungdomsorganisasjonar
  • Politiske aksjonar

Søknadsfrist: 20. februar