Vedafjell

Minna frå krigen vert levande og nære på Vedafjell. 

Sjølv om kanonar, artilleri, kasernar og ikkje minst soldatar er vekk for lenge sia, er kystfortet i Sirevåg i så god stand at du kan få med noko av alvoret til krigen når du besøker Vedafjell. Fjellet er nemleg heilt gjennombora. Her er mørke tunnellar i alle retningar og fleire bunkersar. Det er lett å gå seg vill inne i mørket, så barn må alltid gå saman med ein vaksen. Pakk også med ei god matpakke, og nyt utsikten frå toppen av Vedafjell etterpå.

Parkering:

Parkeringsplass i Stormolovegen i Sirevåg.

Kart, turbeskrivelse og turtrim

Du finn kart og turbeskrivelse på kart.stikkut.no.

Registrer turen din i appen Stikk Ut! og bli med på å samla på turmål.

Stikk UT!

Utlån av turutsyr

Dronefoto av Vedafjell - Klikk for stort bilete