Steinkjerringa

Steinkjerringa er ein folkekjær skulptur som har speida utover jærlandskapet heilt sidan 1927. 

Steinkjerringa blei opprinneleg kalla Mor Norge. Ungdommar frå Nærbø brukte to vintrar på å slepa Steinkjerringa til Synesvarden landskapsvernområde kor ho står i dag. Turen opp til frå Holmavatn misjonssenter går gjennom brunfarga lyng- og myrterreng på blåmerka sti. Turen er cirka 3 kilometer kvar veg. Rekn med 1 time til 1,5 timar til Steinkjerringa.

Parkering:

Holmavatn. Ta Fylkesveg 44 til Varhaug, og vidare på på Riksveg 504 til Ualand. Sving av til venstre og køyr vidare til Holmavatnet.

Kart, turbeskrivelse og turtrim

Du finn kart og turbeskrivelse på kart.stikkut.no.

Registrer turen din i appen Stikk Ut! og bli med på å samla på turmål.

Stikk UT!

Utlån av turutsyr

Foto av Steinkjerringa med sju barn i fanget og rundt seg. - Klikk for stort bileteSteinkjerringa har et godt fang å sitte i. Monica Gausland