Laugarbergvika

Laugarbergvika er ei av fleire små fine viker på Ogna. Her er det offentleg toalett. 

Laugarbergvika er ei skjult perle på Ogna, og eit av motiva frå Kitty Kielland sine kjende måleri. Derfor blir plassen ofte også kalla Kitty-bukta.

Parker ved parkeringsplassen Tanginen eller ta toget til Ogna stasjon. Det er ikkje lov å telta eller campa her.

Kart over badeplassar og parkering i Hå:

Vasskvalitet

Hå kommune målar ikkje kvaliteten på badevatn, men det er sett opp skilt ved dei badeplassane kvaliteten periodevis er dårleg. 

Utlån av turutstyr