Borgåsen

Har du lyst til å gå på topptur med heile familien i Hå? Legg turen til Borgåsen, eit spesielt fjell like aust for Helgåvatnet på Ogna.

Turen er cirka 2,5 kilometer tur retur. Du kan rekna ein snau time til toppen. Her får du fin utsikt og kan sjå restar av ein stor forsvarsmur på austsida av toppen.

Parkering:

Ved bommen til Helgå hyttegrend eller Ognatun. Følg skilt til Ognatun frå Fylkesveg 44 nord for Ogna sentrum.

Kart, turbeskrivelse og turtrim

Du finn kart og turbeskrivelse på kart.stikkut.no.

Registrer turen din i appen Stikk Ut! og bli med på å samla på turmål.

Stikk UT!

Utlån av turutsyr