Syn- og hørselskontakt

Har du utfordringar med syn eller hørsel? Då kan du få hjelp frå syn- og hørselskontakten i Hå kommune.

Dette kan du få hjelp til:

  • Å meistra kvardagen dersom du har nedsett syn eller hørsel
  • Å oppfatta viktige lydar som dørklokke, brannvarslar eller det som blir sagt i samtalar
  • Å handtera utfordringar med å lesa, skriva eller utføra anna nærarbeid
  • Å læra deg å bruka hjelpemiddel

Tenesta er gratis og open for både barn, vaksne og eldre.

Slik får du hjelp:

  • Fyll ut henvisningsskjema
  • Send skjemaet i posten til Syn- og hørselskontakt i Hå, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Finn skjema her:

Henvisningsskjema (DOCX, 33 kB)

Når kan du få tak i syn- og hørselskontakten?

  • Onsdag og torsdag
  • Fredag i partalsveker

Likeperson for høyreapparat

Har du høyreapparat og ønskjer å snakka med nokon som har eigne erfaringar? Ein likeperson er ein frivillig med eigne høyreutfordringar som kan gi deg støtte, råd og praktiske tips i kvardagen. I Hå kommune er det fleire treffpunkt:

Hå sjukeheim – Atriet (Lyngvegen 14)

Tid: Kl. 12.00–13.30
Når: Kvar 1. mandag i månaden

Vigrestad legesenter (Langgata 27)

Tid: Kl. 10.00–11.30
Når: Kvar 1. tysdag i månaden

Snadder gatekjøkken på Nærbø (Torggata 8)

Tid: Torsdagar kl. 15.00–18.00

Varhaug bu- og velferdssenter (Skulegata 7)

Tid: kl. 12.30 - 14.00

Datoar:

  • tirsdag 21. oktober
  • tirsdag 18. november
  • tirsdag 16. desember