Ergoterapi

Har du utfordringar med å klara kvardagslege ting som å kle på deg, laga mat eller koma deg ut av huset? Då kan du få hjelp av ein ergoterapeut i kommunen.

Slik får du hjelp

  • Fyll ut søknadsskjema
  • Send skjemaet i posten til 
    Ergoterapitenesta i Hå, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Ikkje send sensitive opplysningar på e-post.

Kva får du hjelp til?

Ergoterapeuten hjelper deg med å:

  • Meistra daglege gjeremål heime, på jobb eller skule
  • Finna gode løysingar og hjelpemiddel
  • Tilpassa heimen din
  • Trena på aktivitetar du vil klara sjølv

 

Kven kan få ergoterapi?

  • Innbyggjarar med nedsatt fysisk funksjonsevne og utfordringar knytta til meistring av daglege gjeremål, kan få ergoterapitenestar. 
  • Ergoterapi kan hjelpa både barn, vaksne og eldre. 
  • Ergoterapi er gratis.