Slik fungerer legetenesta i HåAlle skal henvenda seg til fastlegen sin for helsehjelp. Fastlegane har ordning for å dekka opp for kvarandre ved fråvær. Det same gjeld om du har fastlege i ein annan kommune.Dersom du bur i Hå og har fastlege i eit anna fylke, eller i Rogaland nord for Stavanger, vil det vera lurt å gå inn på fastlegetenestene og registrera deg med fastlege der eller setta deg på venteliste. Dei som ikkje har fastlege i det heile tatt blir regelmessig fordelt til dette. Kommunen har ingen påverknad på kven som får fastlege.Innbyggarar som vert busette her som flyktningar, eller bur på asylmottaket, har eigne ordningar. Det same gjeld internatelevar ved Tryggheim vidaregåande skule som bur langt heimefrå.Treng du oppfølging og står på venteliste til fastlege, tek du kontakt på det legekontoret du geografisk soknar til og dei vil vurdera behovet ditt. Er du gravid, vil jordmor hjelpa deg med dette.Unntak: Vert du akutt sjuk kan du ringa 113 om det hastar veldig eller 116117 om det hastar litt mindre. Det vil då verta vurdert om du treng time på legevakt eller ambulanse. Sist endra 08.06.2025 09.37