Kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen har ansvar for folkehelsa i kommunen og gir råd om smittevern, beredskap og helsetilbod.

 Du møter ikkje kommuneoverlegen som pasient, men du merkar arbeidet når:

  • Det er smitte og kommunen gir råd eller reglar
  • Mange blir påverka av til dømes forureining eller ulykker
  • Kommunen planlegg nye helsetenester
  • Miljøretta helsevern

    Kommuneoverlegen har ansvar for miljøretta helsevern i Hå kommune. I samarbeid med Rogaland brann og redning kan kommuneoverlegen gi råd om inneklima, forureing, fukt og muggsopp, smittevern og støy.

    Dersom noko i miljøet kan vere helseskadeleg, kan kommuneoverlegen gripa inn og be kommunen gjera tiltak.

    Les meir om miljøretta helsevern

Har du spørsmål?

Kommuneoverlegen jobbar ikkje med enkeltpasientar, men du kan kontakta ho om du har spørsmål om:

  • Smittevern og helse i nærmiljøet
  • Miljø og forureining
  • Planar for helse og tryggleik i kommunen