Kven kan montere eldstad?
- Det vert ikkje stilt formelle kompetansekrav til den som skal montere eldstad.
- Den som skal montere eldstaden må ha kjennskap til reglar for skorstein og eldstad.
- Det er monteringsanvisninga til kvar enkel eldstad som beskriv kva for krav som gjeld.
- Vi anbefaler å nytta ein sertifisert montør.
Må eg søka om å installera eldstad?
- Installasjon av eldstad i eksisterande bustad er ikkje søknadspliktig, men meldepliktig til kommunen (feiarvesenet)
- Vi anbefaler at du får et monteringsbevis av montøren. Dette skal vere ferdig utfylt og signert av montøren.
- Behald og oppbevar originalen, og send ein kopi til ditt lokale feiarvesen.
Det er utarbeida eit eige skjema som skal sendast inn:
Melding om installering/vesentlig endring/omplassering av ildsted
Dette er søknadspliktig:
Søknad om rehabilitering eller oppføring om skorstein skal gå til byggesaksavdelinga i Hå kommune.
Nyttige lenker
Sist endra 16.09.2024 13.24