Har du fått varsel om feiing?
Me pris på at følgande kan vera klart før feiaren kjem:
- Lukk omnar, peisspjeld og luker i samband med eldstader.
- Ein fast takstige med sikker festing må vera montert dersom feiaren skal feia frå taket.
- Ein stige som kjem minst ein meter over takrenna skal ligga framme lett tilgjengeleg. Av omsyn til leikande barn, må stigen ligga, så feiaren kan setta han opp sjølv.
- Er det over 5 meter til gesims, skal det væra stigefeste som forhindrer glidning.
- Feieluka må vera lett tilgjengeleg.
- NB! Feiing vert ikkje utført dersom ikkje stigemateriell er i forskriftsmessig stand. Trestigar er ikkje godkjent.
Atterhald om finvêr
Dersom vêret ikkje tillèt feiing, vil det verta utført førstkomande ledige dag.
Eksempel på beksot i teglskorstein.
Reir i sotluke/skorstein.
Sist endra 07.08.2025 09.55