Større oljelenser kan handtera utslepp i Sirevåg hamn og mindre utslepp langs strandsona. Til mindre utslepp på veg og i elvar etc. har me ein del eingongslenser. Brannvesenet disponerer også ein liten lettbåt til dette føremålet.
Hå er medlemskommune i Interkommunalt utval mot akutt forureining - IUA.
Historie
Smedabråtet var brannstasjon på Vigrestad før 1985. Brannmannskap har i seinare tid lagt ned mykje arbeid med å gjera stasjonen om til eit lite museum, her har dei samla ein del gamalt utstyr som er teke ut av bruk. I garasjen står også ein gammal 1960 modell Willys brannbil som er restaurert av mannskapa.
Foreløpig er det ei lita samling av utstyr, som me tenkjer kan utvidast med tida.
Tanken er at Smedabråtet også skal bli ein møtestad for nåverande og pensjonerte brannmannskap.