Hovudmålet i grunnskulane i Hå kommune er nynorsk. Foreldra til elevane vel likevel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedteke for skulen, har dei rett til å bruka og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe.
Send søknad til rektor på skulen dersom de ønsker bokmål. som hovudmål. Søknadsfristen er 15. mars.
Elevane på 8.- 10. trinn vel sjølve om dei skal bruka nynorsk eller bokmål som hovudmål, og om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmål.