Vil du vera med i ungdomsrådet?

Vil du vera med og påverka kva som skjer for ungdom i Hå kommune? Nå kan du søka om å bli representant i ungdomsrådet.

Hå kommune søker:

Seks representantar til ungdomsrådet (Tre faste og tre vara) 

Kva må til for å vera med i ungdomsrådet?

Du må:

 • bu i Hå kommune

 • vera i alderen 16 til 19 år (fødd 2008-2010)

Det er fullt mogleg å vera med i ungdomsrådet sjølv om du skal slutta på ungdomsskulen. Då kan du bli vald inn som fri representant, og du kan sitja i ungdomsrådet fram til du fyller 19 år.

Ungdomsrådet kan arbeida med saker som:

  •  Kultur- og fritidstilbod
  •  Skule
  •  Miljø og helse
  •  Samferdsel og kollektivtilbod
  •  Kommunens budsjett og økonomiplan
  •  Arealplanlegging og kommuneplanar
  •  Andre saker som er viktige for ungdom

Send ein søknad til:

annette.gimre@ha.kommune.no

Søknadsfrist: Måndag 4. mai 2026

Les meir om ungdomsrådet på:

 • E-ung

 • Hå kommune sine nettsider – ungdomsrådet