Vil du bli lærling i Hå kommune? Inntak august 2026

Hå kommune søker lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget, anleggsgartnarfaget og vaskerifaget. Vil du ta fagbrev og få praksis i ein spennande arbeidskvardag? Søknadsfristen er 2. mars 2026.

Person saman med barn sit ved bord og klipper og limer farga papir i eit klasserom eller aktivitetsrom. Det ligg ulike materialar på bordet, og fleire stolar står rundt. - Klikk for stort bileteKreativ aktivitet og samspel er ein viktig del av kvardagen for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Foto: Fotograf Sarah Sirevåg Nordbø

Har du lyst til å ta fagbrev og få verdifull praksis i ein variert og lærerik arbeidskvardag? Hå kommune har nå ledige læreplassar med oppstart i august 2026. Vi søker fagleg dyktige og motiverte lærlingar innan desse faga:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Helsearbeidarfaget
  • Anleggsgartnarfaget
  • Vaskerifaget

For å bli lærling må du ha fullført VG1 og VG2 innan aktuelt fagområde før endeleg tilsetjing. Lærlingane blir tilsette på dei vilkåra som gjeld i lover, reglar og tariffavtalar. Søkarar med ungdomsrett blir prioriterte.

 Klikk her for å søke læreplass, søknadsfrist: 2. mars 2026

Dette må du legga ved søknaden:

  • Utskrift av karakterar frå VG1 og VG2
  • Attestar frå praksis (VG1) eller arbeidserfaring

 

Last opp dokumenta i PDF-format saman med søknaden. Dersom noko manglar, kan du ettersende til:
Hå kommune v/personalavdelinga, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
eller levere til rådhuset. Merk sendinga med «Lærling i aktuelt fag».

Kontaktpersonar for fagspørsmål:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget: Toril Øgreid, tlf. 992 75 250
  • Helsearbeidarfaget: Laila Arnesen, tlf. 991 06 993
  • Anleggsgartnarfaget: Marit Sæland, tlf. 415 32 688
  • Vaskerifaget: Helen Tjelta Hansen, tlf. 415 32 708

 

Les meir om læreplass i Hå kommune på nettsida vår.
For andre spørsmål: Line Auestad, tlf: 480 84 596.