Vil du bli ei demensvenleg bedrift?

Hå kommune inviterer butikkar og bedrifter til undervisning, for å skapa eit meir demensvenleg samfunn.

Når: 11. juni kl 08.00-09.00

Kor: Kommunestyresalen, Hå rådhus

Påmelding til demenskoordinator Anne Dagny Versland, e-post: adve@ha.kommune.no

Eit meir demensvenleg samfunn er avgjerande for mange, og bra for alle. Personar med demens blir meir sjølvhjulpne, og kan leva aktive liv lengst mogleg. Ved å bli møtt med respekt og forståing, vil personar med demens og dei pårørande oppleva tryggleik, fridom og verdigheit. Kunnskapen bidreg til at arbeidskvardagen til personar i ulike serviceyrke blir enklare, og kommunar og servicenæringar som deltek får positivt omdømme.

Demensvenleg bedrift

Alle bedrifter som deltek mottek eit klistermerke som dokumenterer at de har delteke på undervisninga. Ordførar Andreas Bjorland deler ut.

Takk for at du bryr deg!