Velkomen til næringsfrukost på Hå rådhus

Bli betre kjend med dei nye naboane våre og få innblikk i korleis Hå kommune jobbar med planarbeid og anskaffingar.

Ti tilsette frå Eviny står på eit utsiktspunkt med vindmøller i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteEviny er ein av dei nye naboane våre i Hå. Her er delar av gjengen på tur i vindparken, med konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik til venstre i bildet

Hå kommune inviterer til næringsfrukost i kommunestyresalen på Hå rådhus tysdag 17. november. Frukosten er ein møteplass for næringslivet, med aktuelle tema, fagleg påfyll og høve til å treffa andre bedrifter i kommunen.

Denne gongen blir eitt av hovudtemaa dei nye naboane våre, Eviny og Bio Jæren. Deltakarane får høve til å bli betre kjende med verksemdene og menneska bak.

Espen Otterlei Tonning frå Lyse Bio står framfor anlegget til verksemda. - Klikk for stort bileteEspen Otterlei Tonning frå Lyse Bio. Verksemda er ein av dei nye naboane våre i Hå. Rogaland fylkeskommune

I tillegg får du høyra meir om korleis Hå kommune jobbar med:

  • anskaffingsstrategi
  • planarbeid

Innlegg ved

  • Ole Vikse, plansjef i Hå kommune
  • Espen Otterlei Tonning, Bio Jæren
  • Rolf Sanne Gundersen, Eviny
  • Marianne Espedal Boge, Hå kommune

Praktisk informasjon

Dato: Tysdag 17. november
Stad: Kommunestyresalen, Hå rådhus
Dørene opnar: Kl. 08.00
Frukost og mingling: Kl. 08.00-08.15

Påmelding

Meld deg på via lenka under:

Påmelding næringsfrukost 17. november