For å få kartlagt omfanget vart det bestilt ei fagleg vurdering av konstruksjonen. I samband med dette er takkonstruksjonen opna opp, og det er gjennomført nærare undersøkingar av dei berande limtrebjelkane. Desse undersøkingane viser at det er behov for sikringstiltak i berekonstruksjonen.
På bakgrunn av dette har me valt å stengja symjehallen inntil vidare av omsyn til tryggleiken.
Me arbeider no med nødvendige strakstiltak og har som mål å opna symjehallen att så snart det er forsvarleg.
Me kjem tilbake med meir informasjon når me veit meir om framdrifta.
Takk for forståinga.