-Hå kommune er blant dei kommunane i Rogaland med lågast skatteinngang per innbyggar i heile 2025, målt opp mot gjennomsnittet i Norge. Det er derfor heilt nødvendig at me har god økonomistyring, og det seier noko om kulturen i Hå at me klarer å få eit så godt resultat med så låg skatteinngang, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.
Hå kommune er kjent for god økonomistyring. Det viser resultatet for 2025 også. Me bygger stein på stein – stødig og kontrollert. Me har kontroll – og me styrer godt, takka vere gode leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og ansvarlege folkevalde. Hovedbodskapen er at me har kontroll på utgiftssida, og at me får meir inntekter enn budsjettert.

Netto driftsresultat endte på 4 % som er litt høgare enn i 2024 og høgare enn me frykta ved andre tertial (pr.01.09.25).
Tenesteområda har god kostnadsstyring og hadde eit samla mindreforbruk/overskot på 2,6 prosent. Dette utgjer 43 millionar kr av ei samla netto budsjettramme på 1,59 milliardar kroner.
Skatteinngangen i 2025 blei betre enn styresmaktene rekna med. Også i Hå fekk me meir skatteinntekter enn venta, men noko mindre enn våre nabokommunar. Me har også fått ein del andre ekstra inntekter til spesielle føremål, meir tilskott og refusjonar, og meir inntekter frå gebyr og utleige.
Investeringar og lånegjeld
Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 336 millionar kr i 2025. Det er 81 millionar kr meir enn 2024. I 2025 er 61 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,3 milliardar kr ved utgangen av 2025.
Disposisjonsfond
Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2025 utgjer 512 millionar kroner noko som tilsvarer 23,5 prosent av brutto driftsinntekter. Dette resultatet saman med solid disposisjonsfond aukar det økonomiske handlingsrommet til Hå kommune framover.

Vidare prosess
Årsmelding og årsrekneskap for 2025 er planlagt behandla i formannskapet 28. april og i kommunestyret 7. mai 2025.
Takk
-Eg vil takka for den gode innsatsen frå leiarar og medarbeidarar, godt samarbeid med dei tillitsvalde og ansvarleg styring av dei folkevalde. Dette gjer at me saman kan halda på den gode økonomistyringa, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.