Små steg – stor endring: Konferanse om kvardagsglede

Kva gir deg glede i kvardagen? Onsdag 4. november inviterer Friskliv Jæren til konferansen «Små steg – stor endring» i Storstova kl 09:00-13:00 på Bryne. I år er temaet kvardagsglede.

Person med armane utstrekte framfor eit landskap med fjell, vatn og vegetasjon. - Klikk for stort bilete

Kvardagsglede handlar om dei små tinga me kan gjere for å få det litt betre i kvardagen. Å vere merksam, vere aktiv, lære noko nytt, knyte band til andre og gi noko av seg sjølv er fem enkle grep som kan ha mykje å seie.

På konferansen får du høyre meir om kvardagsglede og livskvalitet, og korleis du kan ta dei fem grepa med deg inn i din eigen kvardag.

Lege og spesialist i samfunnsmedisin Maja Eilertsen kjem for å snakke om kvardagsglede og livskvalitet. Du får også møte idrettspedagog Tarjei Nordtveit, fysioterapeut Anders Bårdsen og Frisklivssentralen i Stavanger, som skal snakke om det å vere aktiv.

Konferansen er open for alle som er interesserte i kvardagsglede og livskvalitet.

Program for dagen

09.00 Velkommen – Friskliv Jæren, ordførar Andreas Bjorland og Kulturskulen
09.15 Kvardagsglede og livskvalitet – Maja Eilertsen
10.00 Kaffipause
10.15 Kvardagsglede: Ver merksam, fortsett å lære, knytt band og gi – Maja Eilertsen
11.00 Presentasjon av utstillarar
11.15 Lunsj
12.00 Kvardagsglede: Ver aktiv – Tarjei Nordtveit, Anders Bårdsen og Frisklivssentralen i Stavanger
12.50 Avslutning – Friskliv Jæren

Tid og stad

Konferansen er onsdag 4. november kl. 09.00–13.00 i Storstova, Arne Garborgs veg 26 på Bryne. Lunsj er inkludert.

Meld deg på konferansen her: Konferansen "Små steg - stor endring" - Friskliv