Frå venstre: dagleg leiar i Vigrestad idrettsklubb, Ann Helen Østrem, Andreas Bjorland og kommunedirektør Anne Berit Berge Ims, som var med å leie markeringa på “Klobben”.Onsdag 24. juni var det ei felles markering på Klobben, Vigrestad idrettsklubb sitt anlegg. Bakgrunnen for arrangementet var ein uttale frå fotballspelar Erling Braut Haaland, gitt i etterkant av Norge sin kamp under fotball VM mot Senegal.
Arrangementet vart organisert av Vigrestad idrettsklubb ved dagleg leiar Ann Helen Østrem, i samarbeid med ordførar Andreas Bjorland og kommunedirektør Anne Berit Berge Ims. Prosjektleiar på eigedom, Svein Hareland, leia an på trommer.
Folk i alle aldrar var med då over 700 vigrestbuer samla seg på “Klobben” og rodde saman i takt.Vigrestad-buen møtte opp i hopetal, med mellom anna barnehagebarn, ungdom, yrkesaktive og eldre. På programmet stod ei felles «roing» på banen, som eit symbolsk uttrykk for fellesskap og deltaking.
Eit stort folkehav samla seg på Vigrestad for felles roing og for å gi ei helsing tilbake til Erling Braut Haaland.Markeringa var prega av stort engasjement og god stemning. For mange vart dette ei oppleving av samhald og lokal stoltheit.
Gjennom arrangementet ønskte deltakarane òg å senda ei helsing tilbake til Haaland, som ei takk for bodskapen om at bakgrunn ikkje er avgjerande for kva ein kan få til.
Kommunen og arrangørane takkar alle som møtte opp og bidrog til ei vellukka markering.
Sjå video frå arrangementet nedanfor: