Leikeplass ved Varhaug rådhus, brukt som illustrasjon til røykjeforbod.Leikeplassar
Forbodet gjeld på leikeplassar der allmenta har tilgang. Med leikeplass meiner vi område – naturlege eller opparbeidde – som er tilrettelagde for barns leik.
Grensene må vurderast konkret i kvart tilfelle, med hovudfokus på å verne barn og unge mot passiv røyk.
Unntak:
Leikeplassar som berre er opne for ein avgrensa krets, til dømes i burettslag eller sameige, dersom det tydeleg går fram at allmenta ikkje har tilgang (skilt, gjerde o.l.).
Idrettsområde
Forbodet gjeld område som er laga eller tilpassa for idrett, til dømes fotballbaner, friidrettsanlegg, tribunar, garderobar og klargjeringsplassar.
Det er ikkje krav om gjerde, men kommunen vurderer grensene. Områda skal vere røykfrie også ved andre arrangement, som konsertar.
Unntak:
• Parker og byrom som er meint for fritidsbruk, ikkje idrett.
• Flerbruksområde i tilknyting til turstiar, til dømes frisbeegolf eller skiløyper.
Ansvar og sanksjonar
Den som eig eller driv området, skal sørgje for at forbodet blir følgt og skilte tydeleg. Dei kan be folk slutte å røyke og vise bort personar som bryt reglane.
Kommunen kan gi pålegg og tvangsmulkt ved brot. Reaksjonar rettar seg mot ansvarleg for området, ikkje enkeltpersonar. Vedtak kan klagast til Statsforvaltaren.
Les meir: Helsedirektoratet si nettside eller brosjyren.