Næringslivsmessa Hå level up

1.-2. oktober 2025 går messa Hå Level up - møteplass for ungdom og næringsliv av stabelen i Varhaug idrettspark.

Lokale næringsforeningar, Hå kommune og Varhaug idrettslag inviterer til messe og møteplass mellom ungdom og næringsliv.

Tanken er at ungdom frå 9. klasse til og med første vidaregåande, skal få møta næringslivet i Hå og uforska framtidige karrieremoglegheiter. 

Alle ungdomsskuleelevane i Hå frå 9.-10. klasse skal besøka messa i løpet av dei to dagane, og onsdags ettermiddag vert det ope for alle. Då kan ungdommane ta med seg foreldre og føresette for å kikka nærare på det som interesserer.

Dette er ein unik sjanse for næringslivet i Hå til å visa fram dei ulike arbeidsplassane me kan tilby ungdommen vår, seier nærings- og hamnesjef i Hå, Sven Harbo.

 

Lyst å delta?

Komiteen består av Cathrine Sirevåg Andreassen, Reidar Skretting, Gabriel Høyland, Johanna Johansson Systad, Sven Harbo go Tommy Knudsen. 

Har du lyst å ha stand?

Ta kontakt med Sven Harbo.