Våre tankar går til dei pårørande, vener, naboar og alle andre som kjenner seg påverka.
Når det røyner på
I sommar har me opplevd kor sterkt fellesskapet i Hå og resten av landet kan vera. Under VM-kampane såg me engasjementet, støtta og samhaldet som bind oss saman. Nå treng me å finna fram den same varmen og omsorga for kvarandre. Når noko vondt og vanskeleg rammar landsbygda vår, er det ekstra viktig at me ser kvarandre, lyttar til kvarandre og strekker ut ei hand til dei som treng det. Ingen skal stå åleine.
Ta kontakt ved behov
Hå kommune har aktivert både kriseteamet og kriseleiinga, og me samarbeider for å gi nødvendig støtte og oppfølging til dei som har behov for det.
Dersom du eller nokon rundt deg treng nokon å snakka med, kan du ta kontakt med legevakta på telefon 51 79 35 70.
Stå saman
Gode håbuar. La oss stå saman, ta vare på heile landsbygda og visa det sterke fellesskapet som kjenneteiknar Hå - også i ei tung tid💙
Me løfter i lag.
