Innbyggarar som ønsker å skriva ei siste helsing i Hå kommune sin kondolanseprotokoll, kan gjera det på rådhuset. Me held ope måndag 7. september og tysdag 8. september kl. 08.00-15.00. På sjølve gravferdsdagen, onsdag 9. september, held me ope kl. 08.00-12.00.
Kondolanseprotokollen blir avslutta før gravferda tek til kl. 13.00.
Mange innbyggarar har dei siste dagane valt å skriva ei helsing til minne om Kongen. Hå kommune set pris på det store engasjementet og den varme medkjensla som er vist.
Her finn du meir informasjon knytta til Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.
