Prosjektet utmerkar seg gjennom ein tydeleg arkitektonisk idé, ei framifrå materialforståing og ei varsam tilpassing til både eksisterande kulturmiljø og det særprega jærlandskapet, seier juryen.
Jærmuseets nye administrasjonsbygg på Vitengarden tegna av Helen & Hard Arkitekter.
Sindre Ellingsen.
Vidareføring og fornying
Bygget vidarefører formspråket frå det eksisterande museumsanlegget, samstundes som det har eit eige og moderne uttrykk. Prosjektet ligg lågt i terrenget og framstår som ei naturleg forlenging av dei historiske omgjevnadene.
Bruk av tre som byggemateriale er positivt i eit klimaperspektiv
Særpreget til administrasjonsbygget kjem særleg til uttrykk i interiøret. Dei delte tømmerstokkane som dannar veggar og tak skaper eit taktilt og levande uttrykk. Bruk av tre som byggemateriale er positivt i eit klimaperspektiv. Naturleg lys strøymer inn gjennom taket og romma inviterer til både hygge og arbeidsro.
Bygget representerer ei førebiletleg forståing av byggeskikk
Bygget representerer ei førebiletleg forståing av byggeskikk i møtet mellom fortid og notid. Prosjektet syner korleis stadstilpassing, materialmedvit og arkitektonisk kvalitet kan sameinast i eit bygg som styrkjer og utviklar eit viktig kulturmiljø.
Heilstøypt prosjekt
Byggeskikkutvalet gratulerer med eit heilstøypt prosjekt og håper at prisen vil inspirere til vidare satsing på god, klimavennleg og stadstilpassa byggeskikk.
Om prisen
I statuettene til Hå kommunes byggeskikkpris heiter det at «Prisen er en hederspris som deles ut til et byggverk, eller bygde omgivelser som gjennom utførelse, materialbruk, utforming, energibruk, miljø, kostnad, byggeprosess og samspill med sted og omgivelser, danner et forbilledlig eksempel som kan bidra til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggeskikken».
Prisen består av eit diplom til arkitektfirmaet, samt ein plakett og 25 000 kroner til byggherre.
Prisen vert formelt utdelt på ordførraren sitt nyttårssamkomne på Vitengarden den 1. januar 2026.
I 2025 har byggeskikkutvalget/juryen bestått av:
- Cato Lobekk (utvalgsleder) – politisk valt representant
- Merethe Elin Kvia – politisk valt representant
- Gunnar Sørås – styreleder, Stavanger Arkitektforening
- Anfinn Rosnes – ass. landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland
- Janne Weisser, leiar av kulturvernavdelinga i Hå kommune/dagleg leiar Hå gamle prestegard – utpeikt av kommunedirektøren
- Ole Vikse, Plansjef i Hå kommune– utpeikt av kommunedirektøren