Informasjon i samband med dødsfallet til Hans Majestet Kong Harald V

Det er med sorg me har motteke meldinga om Kongens bortgang. 

-Gjennom mange tiår har han vore ein samlande og trygg monark for landet vårt. Våre varmaste tankar går til den kongelege familien og alle som sørger i dag. Samstundes kjenner me stor takksemd for alt Kongen har betydd for Norge og folket vårt, seier ordførar Andreas Bjorland.

Fred over minnet hans.

Kondolanseprotokoll

I samband med dødsfallet vil det ligga framme ein kondolanseprotokoll i Hå rådhus frå klokka 12 i dag, fredag 28. august. Me inviterer innbyggarane til å skriva namnet sitt i den. Hovudinngangen på rådhuset vil vera open heilt til klokka 20 i kveld. 

Alle tre kyrkjene i Hå har óg kondolanseprotokoll og er open frå klokka 12-19 i dag (Ogna kyrkje frå kl 13), og kyrkjeklokkene vil ringa mellom klokka 12 og 13. Kyrkjene vil dessutan vera opne i helga. Rådhuset held stengt i helga, men har ope kl 8-16 måndag til fredag neste veke.

Open kyrkje på Nærbø, Varhaug og Ogna:

  • Fredag: Kl 12-19 (Ogna 13-19)
  • Laurdag og sundag: Kl 12-18
  • Neste veke vil kyrkjene halda ope kl 16-19.

Arrangement og aktiviteter 

Skulane i kommunen er opne som vanleg i dag. Alle folkevalde møter og andre arrangement kan gjennomførast som normalt i dagane framover. Det er dessutan ei klar oppmoding om at aktiviteter og arrangement for barn og unge også vert gjennomført som normalt. 

Alle offisielle flaggstenger vil flagga på halv stong i dag, og kvar dag fram til dagen for gravferda.

 

Her finn du meir informasjon knytta til Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

kongen.foto - Klikk for stort bilete