Influensavaksinen og andre tilrådde vaksinar til risikogrupper blir tilbydde gjennom fastlegekontoret ditt. Dette gjeld alle legekontora i området, og tidspunkt for vaksinering blir lagt ut for bestilling på dei ulike nettsidene. I Hå vil det i tillegg vere mogleg å få influensa- og covidvaksine ved Heilo Apotek.
I år kjem influensavaksinane seinare til Hå kommune enn vanleg. Folkehelseinstituttet (FHI) har varsla at utsendinga av influensavaksinar til kommunane blir forsinka på grunn av produksjonsutfordringar hos enkelte vaksineprodusentar. Etter planen vil Hå kommune og dei andre kommunane i Rogaland få vaksinane i veke 46, om lag ein månad seinare enn normalt. Fastlegane vil derfor også få vaksinane seinare enn dei brukar.
Sjølv om leveringane er forsinka, vil dei fleste framleis kunne få god beskyttelse før influensasesongen er i full gang. Influensavaksinen gir full effekt etter éi til to veker.