Dersom straumen, mobilnettet og internett blir borte over lengre tid, vil Hå kommune opna fire informasjonspunkt. Her kan innbyggarane få viktig og påliteleg informasjon, og hjelp til å koma i kontakt med kommunale tjenester.
Informasjonspunkta finn du på Hå rådhus, Nærbø bibliotek, Vigrestad storskule og Ogna bibliotek. Dei blir berre opna ved behov, og du skal berre møta opp dersom det er heilt nødvendig.
I videoen viser ordføraren kvar informasjonspunkta er.
Me håpar sjøplvsagt at det aldri blir nødvendig, men det er godt å vera førebudd. Å vita kvar ein kan få informasjon, er ein viktig del av eigenberedskapen.
Les meir om informasjonspunkta i Hå kommune og få gode råd om eigenberedskap frå DSB