Hageavfallsmottaka er døgnopne til 1.oktober
Skal du rydda i hagen? Fra 1. april til 1. oktober kan du nå levera hageavfall døgnet rundt på tre mottak i Hå.
Hageavfallsmottaket på Tjemsland er eitt av tre døgnopne tilbod i Hå kommune.Desse stadene er døgnopne
Du kan levera hageavfall heile døgnet på:
- Nylund industriområde (Sirevåg)
- Stokkalandsmarka industriområde (Vigrestad)
- Tjemslandsmarka industriområde (Varhaug)
Kva kan du levera?
Mottaka er berre for reint hageavfall. Dette kan leverast:
- Lauv
- Små greiner
- Hekk‑avklipp
- Plengras
- Ugras
- Blomar
Kva må leverast på Nærbø?
Nokre typar avfall skal framleis til Hå gjenvinningsstasjon på Nærbø, som er open heile året. Dette gjeld:
- Mold og grus
- Store greiner
- Store hekkplanter og røter
Hugs dette
- Hageavfall skal ikkje kastast i matavfallsdunken
- Bruk mottaka berre til det dei er meint for
Takk for at du bidreg til god avfallssortering og eit reinare lokalmiljø.
Sist endra 29.05.2026 14:12