Meir om MTMR
MTMR har fokus på livserfaringar, og legg sosiale og strukturelle forhold til grunn for psykiske vanskar.
Noko av tankegodset bak MTMR er at psykisk uhelse ofte spring ut frå ujamne maktforhold i livet – altså at psykisk uhelse er reaksjonar på ujamne maktforhold. Med det plasserer rammeverket ansvaret òg på samfunnet og dei sosiale omgjevnadene, framfor bare på den enkelte.
Rammeverket gir med det ein alternativ måte å forstå psykisk uhelse på. Mange, både kommunar og sjukehus, anerkjenner på fleire vis denne forståinga, samstundes som ein ser behov for å kunne setja diagnosar.
Kjelde: Napha.no