Fugleinfluensa i nabokommunen vår

Etter utbrot av fugleinfluensa i Klepp kommune, må me ta grep for å hindra smitte.

Kart over vernesone (raudt) og overvakingssone (gul). Kjelde: Mattilsynet.

Hå kommune er omfatta av den infiserte sona som er oppretta i delar av Rogaland. I denne sona er det mellom anna innført portforbod for fjørfe. Det betyr at fjørfe skal haldast innandørs eller under tak, slik at kontakten med ville fuglar vert redusert. Det er òg innført forbod mot jakt og fangst av ville fuglar, med enkelte unntak.

Mattilsynet innfører òg forbod mot direktesal av egg frå gardsbruk innanfor ein radius på ti kilometer.

Risikoen for smitte til menneske er vurdert som svært låg. Innbyggarar og dei som held fuglar, bør halda seg oppdaterte på kva råd og restriksjonar som gjeld på Mattilsynet sine nettsider.

Ikkje ta på daude eller sjuke fuglar

Fugleinfluensa smittar svært sjeldan til menneske. Likevel tilrår Mattilsynet følgjande føre-var-råd:

  • Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar.
  • Ikkje ta med deg fuglar heim for å gje dei pleie.
  • Meld frå til Mattilsynet dersom du finn sjuke eller daude fuglar, slik at vi kan vurdere behov for prøvetaking.