Helen Tjelta Hansen fekk blomar frå verksemdleiar ved Hå sjukeheim, Jonas Egeland Reime, etter å ha bestått fagprøva i vaskerifaget med karakteren meget godt bestått.Det var ein ekstra stas dag på vaskeriet då Helen Tjelta Hansen fekk vite at ho hadde bestått fagprøva i vaskerifaget med karakteren meget godt bestått.
Helen er den første i kommunen som har tatt fagbrev i vaskerifaget, og me er stolte over innsatsen og kompetansen ho har vist gjennom opplæringa.
Vaskerifaget er ikkje blant dei største fagområda, og det er heller ikkje så mange som har dette fagbrevet. Nettopp derfor er det ekstra kjekt å sjå at me no har fått vår første fagarbeidar i faget.
Mykje meir enn vask av klede
Mange tenker kanskje at eit vaskeri først og fremst handlar om å vaska klede, men oppgåvene er langt meir varierte enn som så.
På vaskeriet blir det kvar dag vaska klede og tekstilar for sjukeheimane, heimetenestene, legekontor og legevakt. I tillegg fyller dei tilsette på varer, held orden på lager, bestiller varer, køyrer ut aviser til avdelingane og bebuarane og steller blomar på fellesareala.
Det gjer at dei tilsette er synlege i miljøet på sjukeheimen og blir ein naturleg del av det store kollegafellesskapet.
Ein viktig læringsarena
Vaskeriet er òg ein viktig arena for arbeidspraksis, språktrening og utprøving av arbeidslivet. Gjennom året er mange innom for å få erfaring og bygga kompetanse.
Me arbeider aktivt for å halda fram med å vera ein god læringsarena, og er glade for at fleire no kan få moglegheita til å utvikla seg innan faget.
At kommunen no er godkjend lærebedrift i vaskerifaget, som den første i Rogaland, er derfor ei viktig milepæl. Me tek gjerne imot kandidatar både til kompetansebevis og til fagprøve.
Me gratulerer Helen Tjelta Hansen med eit flott resultat og ønsker ho lukke til vidare.
Helen Tjelta Hansen er den første i kommunen som har tatt fagbrev i vaskerifaget.