Folkehelseundersøkinga i Rogaland 2026

I desse dagar blir 80 000 innbyggarar i Rogaland inviterte til å delta i ei folkehelseundersøking i fylket vårt. Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører undersøkinga i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og kommunane i Rogaland. Målet er å få ei betre forståing av helsetilstanden, trivselen og livskvaliteten blant vaksne i fylket.

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Føremålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Dataa som blir samla inn, vil gi innsikt i korleis folk opplever eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og styrka folkehelsa i kommunen vår.

Kvifor er undersøkinga nyttig for kommunane?

For kommunane i Rogaland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skapa betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpassa tenestane og tiltaka våre slik at dei møter behova til innbyggarane på ein meir effektiv måte. Dette kan omfatta alt frå helsefremmande aktivitetar til førebyggande tiltak.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 15–20 minutt å gjennomføra. Dei som blir trekte ut til å delta, får ein invitasjon frå FHI via Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i samsvar med strenge personvernreglar. Resultata blir bare presenterte på gruppenivå, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast.

Trekning av gåvekort

Dei som svarer på undersøkinga, er med i trekninga av ti gåvekort på 1000 kroner.

Me håpar at alle som får invitasjonen, vil delta i undersøkinga. Deltakinga di er viktig for å sikra at me får eit godt bilete av korleis innbyggarane har det.

Dersom du har spørsmål om undersøkinga eller om di eiga deltaking, kan du kontakta oss på e-post: fhus-deltaker@fhi.no

Me ber om at sensitive eller fortrulege opplysningar ikkje blir sende på e-post.

Du kan lesa meir om undersøkinga på nettsidene til fylkeskommunen: www.rogfk.no/fhus

Kvinne i natur.foto - Klikk for stort bilete