Fleire funn av fugleinfluensa

Etter funn av fugleinfluensa i ytterlegare to fjørfehus i Klepp, er det innført portforbod for alt fjørfehald, også hobbyhøns,  i alle jærkommunane.

Det er nå oppdaga fugleinfluensa i fem fjørfehus i Rogaland, tre av dei er i Klepp. Det betyr at restriksjonssona har flytta seg sørover og omfattar større delar av Hå kommune.

Restriksjonssona består av to soner:

  • Vernesone (3 km radius rundt utbrotet)
  • Overvakingssone (10 km radius rundt utbrotet)
     

I tillegg til desse to sonene er det innført ei infisert sone i følgjande kommunar i Rogaland:

Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt tidlegare Forsand), Klepp, Time og Hå.
 

I den infiserte sona er det jaktforbod og portforbod for fjørfe for å redusere risiko for direkte og indirekte kontakt mellom tamme fuglar og ville fuglar som kan bera med seg smitte.

Les meir om restriksjonar i den infiserte sona på denne sida: 

Ikkje ta på daude eller sjuke fuglar

Fugleinfluensa smittar svært sjeldan til menneske. Likevel tilrår Mattilsynet følgjande føre-var-råd:

  • Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar.
  • Ikkje ta med deg fuglar heim for å gje dei pleie.
  • Meld frå til Mattilsynet dersom du finn sjuke eller daude fuglar, slik at vi kan vurdere behov for prøvetaking.