Ekstremveret "Dave" er på veg

Sundag 5. april (1. påskedag) mellom kl 13-17 er det varsla vindstyrke mellom 40-45 m/s langs kysten av Jæren. Det tilsvarer sterk storm og orkan. Rådet til innbyggarane er å tjora fast lause gjenstander, og halda seg innandørs.

Sjølv om farevarselet om ekstremvær gjeld kun nokre timar, er det forventa at det kan føra til straumbrot og at mobilnettet fell ut. Det er også fare for at bygningar og infrastruktur kan bli skada, blant anna at takstein og takplater bles av hus og bygningar.

Innbyggarane bli råda til å:

  • Sikra lause gjenstander før ekstremveret kjem.
  • Lada telefonar og vera førebudd om straumen går.
  • Vurdera nødvendigheiten av å opphalda seg utandørs mens ekstremveret pågår. Det medfører stor fare å opphalda seg langs kysten under uveret.
  • Framskunda eller utsetja heimreisa frå påskeferien til etter at ekstremveret er over.

Ikkje flagging

På grunn av ekstremveret vert det ikkje flagging i Hå kommune i morgon, 1. påskedag. Kyrkjene i Hå melder også at påskedagsgudstenestane sundag 5. april, vert framskunda til kl 10.