Kartverket opnar for at eigarar og festarar kan registrera enkelte opplysningar om eigedomen sin sjølve i matrikkelen.Ein enklare måte å halda eigedomsopplysningane oppdaterte på
Kartverket har laga ei ny digital teneste kalla eigenregistrering. Det gjer det mogleg for eigarar og festarar å registrera og oppdatera enkelte opplysningar om eigedomen sin sjølve.
Målet er å gjera det enklare å halda eigedomsopplysningane oppdaterte og bidra til betre kvalitet i matrikkelen, som er Noreg sitt offisielle register over eigedomar, bygningar og adresser.
Du får informasjon frå Kartverket i oktober
Kartverket sender informasjon til eigarar og festarar i Rogaland mellom 5. og 23. oktober. Har du digital postkasse, får du informasjon der. Andre får melding på SMS.
I informasjonen frå Kartverket finn du meir om kva opplysningar du kan registrera, og korleis du går fram.
Kva er matrikkelen?
Matrikkelen er det offisielle registeret over eigedomar, bygningar og adresser i Noreg. Opplysningane blir brukte av både offentlege og private aktørar.
Riktige opplysningar i matrikkelen er viktig for mellom anna kommunal saksbehandling, kartløysingar og offentlege tenester.
Vil du vita meir?
Du kan lesa meir om eigenregistrering på Kartverket sine nettsider.