Den fjerde Kommunedagen i Hå gjekk av stabelen torsdag. Alle tilsette, hovudtillitsvalde og folkevalde var inviterte til eit tre timar langt program. Og for ein kveld!
President i Norges Skiforbund, Roger Finjord, minna oss om verdien i å sjå kvarandre. Eit fyrverkeri av eit foredrag blanda med mykje humor og mykje ettertanke.
Me fekk høyra kongedikt, rått gitarspel og djupe ord av Trygve Skaug, nydeleg song av Heddah (aka Hedda Vigre Njærheim) og Inger Elisabeth Dåsvand.
Ein splitter ny kommunefilm vart lansert, og rosinen i pølsa var då det “hemmelege” kommunekoret stilte opp og song Du he noge spesielt.
Høneskinn…..
Kommunekoret har øvd i det skjulte, og song Du he noge spesielt. Alle på scenen unnateke Trygve Skaug (!) er tilsette i Hå kommune.

President i Norges Skiforbund, Roger Finjord, hadde eit fyrverkeri av eit foredrag.
Kreditering Du he noge spesielt:
Komposisjon og sangtekster
Ragnvald Wernøe
Produksjon og teknikk
Jørgen Manke, produsent/arrangør
Kjell Gudmestad, teknikar
Artistar:
Hå kommune, kor
June Stensland, vokal
Onar Paul Varhaug, vokal
Irene Haver, vokal
Ragnvald Wernøe, piano/arrangør
Per Haarr, gitar/bass
Svein Hareland, slagverk
Rune Grinde Pedersen, trompet
Lars Ole Bergersen, fiolin
Jørgen Manke, synth
Gunvor Mundal, dirigent
Film:
Jan Arne Wold, foto/redigering
Medverkande er tilsette i Hå kommune