Arbeid som gir nye moglegheiter – bedrifter i Hå som satsar på folk

Lokale verksemder i Hå viser kor mykje som kan skje når ein vel å satse på menneske. Gjennom samarbeid mellom næringslivet og kommunen får folk ein sjanse til å bruke ressursane sine, lære, jobbe og bli ein del av nye fellesskap. Historiene frå bedriftene er sterke døme på varme, vilje og ekte inkluderingskraft.

I Hå finn me bedrifter som ser menneske, som tør å satse, og som gir rom for at nye arbeidstakarar kan utvikle seg. Kommunen samarbeider med næringslivet om opplæring og oppfølging, men det er bedriftene sjølve som opnar dørene, investerer tid og byggjer sterke arbeidsmiljø.

Historiene frå næringslivet viser kor mykje det betyr når verksemder gir folk ein sjanse – både for den som får arbeidet, og for dei som tek imot.

Open – bedrifter som ser moglegheiter

Hos Underhaug AS har Evgeny Kulygin blitt ein naturleg del av gjengen etter at bedrifta valde å satse på han.

Ein person står ved ei større industrimaskin inne i verkstaden til Underhaug AS. Det ligg verktøy og utstyr rundt arbeidsstasjonen. - Klikk for stort bileteEvgeny Kulygin, Underhaug AS, i arbeid med produksjonsutstyr i verkstaden.

– Evgeny har jobba hos oss i nesten eit halvt år. Han er ein superbra mann og veldig kjekk å samarbeide med. Vi set stor pris på at han er villig til å lære, at han er teknisk og at han har godt humør – dette er viktig.

Fiskefruen Sirevåg AS har same erfaring etter at dei tok imot Yuliia Polukhina.

Tre personar står på eit profesjonelt kjøkken hos Fiskerfruen Sirevåg AS. Dei har arbeidsklede og står omgitt av kjøkkenutstyr. - Klikk for stort bileteTilsette ved Fiskerfruen Sirevåg AS i arbeid på kjøkkenet. Yuliia Polukhina er ein del av teamet.

– Det har vore ei glede å bli kjend med Yuliia, sonen hennar og historia deira. Yuliia har vist seg som ei pliktoppfyllande, blid, positiv, dedikert og varm person – ein person som gir glede til alle rundt seg. Ho er takksam for å vere i jobb hos oss, og det er tydeleg at det betyr mykje for henne. Då betyr det mykje for oss òg. Me kjem frå ulike kulturar, men det fungerer godt fordi me er flinke til å lære av kvarandre.

Her er det bedriftene som gjer ein forskjell: dei vel å sjå mennesket og sleppe nye historier inn.

Driftig – vilje til å lære og bidra

Då Håland Asfalt AS fekk ei førespurnad frå flyktningeininga i Hå kommune, var dei både spente og positive. Slik blei dei kjende med Oleksandr Shutnikov, som kom til Noreg frå Ukraina på grunn av krigen.

Ein person sit i arbeidsklede ved eit asfaltlagingsområde utandørs. Det er nylagt asfalt, kantstein og arbeidsutstyr rundt. - Klikk for stort bileteFrå arbeidsplassen til Håland Asfalt AS. Oleksandr Shutnikov er ein av dei som jobbar med asfaltarbeid i verksemda.

– Oleksandr blei først utplassert hos oss gjennom flyktningeininga. I Ukraina hadde han jobba som murar og taktekkjar, så asfaltbransjen var heilt ny for han. Likevel viste han frå første dag at han er både flink og lærevillig. Han møtte presist på jobb, følgde nøye med på opplæringa og var ikkje redd for å ta i eit tak. 

Trass språklege utfordringar har han vist stor vilje til å lære:

– Han prøver kvar dag å forstå meir, bruker nye ord aktivt og tek imot rettleiing med eit smil. Vi merkar stadig framgang.

Bedrifta trekkjer òg fram haldninga hans:

– Det som kanskje har gjort aller størst inntrykk, er det gode humøret og den positive innstillinga. Trass ei krevjande livssituasjon møter han arbeidsdagen blid og med eit ønske om å gjere sitt beste.

Dette er driftigheit i praksis – menneske som grip moglegheiter og gjer alt for å skape seg ein ny kvardag.

Stolt – av arbeidet, menneska og fellesskapet

Hos Hå Element har Vitalii Aleksandrov og Serhii Kaliberda blitt viktige medarbeidarar.

To personar står inne i ein stor produksjonshall omgitt av betongelement, formar og industriutstyr. Dei har arbeidsklede og verneutstyr. - Klikk for stort bileteFrå produksjonshallen til Hå Element. I arbeidslaget finn vi mellom andre Vitalii Aleksandrov og Serhii Kaliberda.

– Hå Element er veldig nøgde med heile prosessen, frå flyktningeininga tok kontakt og fram til i dag. No har me fått flinke og pliktoppfyllande arbeidarar som gjer ein kjempeinnsats for bedrifta.

Håland Asfalt AS oppsummerer det mange bedrifter opplever:

– For oss har det vore lærerikt og meiningsfullt. Dette handlar ikkje berre om arbeid – men om å gi moglegheiter og skape nye, gode kvardagar.

Det er slike fellesskap næringslivet i Hå er med på å byggje – og som skaper stoltheit.

Saman skaper me gode historiar

Dette er bare nokre få av mange gode døme frå næringslivet i Hå.

Desse historiene viser krafta i samarbeid mellom menneske og bedrifter som vel å satse på nye arbeidstakarar. Hå kommune vil takke alle verksemder som opnar dørene sine og bidreg til trygge og gode arbeidsmiljø.

Me vil òg takke dei som står på kvar dag, lærer, jobbar, og bidreg til fellesskapet.

Når menneske får bidra og bli ein del av arbeidslivet, blir heile Hå styrkt.
Saman byggjer me eit ope, driftig og stolt lokalsamfunn.