Ansvar og handlekraft mot 2036

Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims la tysdag fram forslag til budsjett for 2027, og handlings- og økonomiplan for 2027-2030.

Hå kommune har fått redusert handlingsrommet med om lag 45 millionar kroner. Ein tredel av dette kjem som følge av bortfall av vertskommunetilskottet frå staten. Cirka ein tredel heng saman med færre busette flyktningar og nedlegginga av Hå mottak. Den siste tredelen skuldast mellom anna renteutvikling, lågare befolkningsvekst og nødvendige omstillingar innan oppvekst og kultur.
For å møta denne situasjonen må kommunen omstilla drifta tilsvarande 45 millionar kroner frå 2027 og framover.
- I år er det mange ytre faktorar som treff oss hardt økonomisk. Det meste av dette har me ikkje påvirkning på. Meir enn nokon gong kjenner me på ansvaret for at Hå kommune skal ha ei god økonomistyring. Dersom me ikkje gjer grepa nå, får det større konsekvensar for åra framover, seier kommunedirektøren.  
 

Legg til rette for 1500 nye innbyggarar

Eit av grepa som kommunedirektøren held fram, er bustad- og næringsutvikling.
- Me satsar endå meir på å legga til rette for auka aktivitet gjennom bustad- og næringsutvikling. Kommunen planlegg og utvikler for omlag 700 boenheter i Hå kommune i tida framover, og fleire prosjekt er under planlegging både nord og sør i kommunen. Dette kan utgjera om lag 1500 nye innbyggarar, held kommunedirektøren fram.

Eit anna grep som det er sett av midler til, er sentrumsutvikling. Torget på Nærbø er i ferd med å omskapast til det som skal bli Torvund-parken. Her blir det sansehage, leikeområde, pump-track og bocciabane, i tillegg til både ny og gammal kunstinstallasjon av Gunnar Torvund.
- Det er viktig å skapa liv og vekst i sentrum, og me legg på denne måten til rette for gode møteplassar på tvers av generasjonane, seier Berge Ims.
 

God økonomistyring

Hå kommune sitt varemerke er god økonomistyring. Kommunen vart kåra til den sjuande best styrte kommunen i landet. Det gir eit godt utgangspunkt for å gjennomføra nødvendige endringar på ein trygg måte. 
- Handlings- og økonomiplanen for 2027 - 2030 er eit resultat av mykje hardt arbeid, gode diskusjonar og innsatsen til tilsette, tillitsvalde og leiarar. Stor takk til alle som bidreg i dette viktige arbeidet, seier Berge Ims.

Prioriterer skulen og fellesskapet

Kommunedirektøren foreslår å skjerma den ordinære skulen. Sjølv om elevtalet er venta å gå ned med om lag 50 elevar i perioden, blir bemanninga ikkje redusert tilsvarande. Det planlagde ytterlegare nedtrekket knytt til individuelt tilrettelagd opplæring (ITO) blir heller ikkje gjennomført. Dersom behovet for individuelt tilrettelagd opplæring blir redusert vidare, skal ressursane nyttast til å styrka fellesskapet rundt elevane. Målet er at fleire elevar skal få behova sine møtte innanfor det ordinære skuletilbodet.
 

Satsar på godt arbeidsmiljø og digital tryggleik

For å styrka organisasjonen blir det sett i gang eit pilotprosjekt for å fremma helse og redusera sjukefråværet. God nærværskultur og eit godt arbeidsmiljø, er viktig både for dei tilsette og for kvaliteten på tenestane kommunen leverer. Me trur me trenger ein eigen person som kan dra dette – då handlar det om å finne den rette.
Det er også sett av midler til digital sikkerheit for å rusta organisasjonen til å møta eit stadig meir komplekst digitalt trusselbilete. Dette er i tråd med føringar frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), som har bedt alle kommunar om å gjennomgå og styrka eigen sikkerheit og beredskapsplanane spesielt retta mot digital infrastruktur. 

Investeringar

Forslaget til handlings- og økonomiplan inkluderer fleire store investeringar: 
•    Ny skule på Vigrestad
•    Legga ned seks og bygga to nye barnehagar på Nærbø og Varhaug. 
•    Renovering av det gamle rådhuset på Nærbø 

Nøkkeltal:

•    Netto driftsresultat: 15,2 millionar kroner (0,7 %)
•    Inntekter: 2,2 milliardar kroner i 2027
•    Investeringar i planperioden: 1,2 milliardar kroner
•    Lånegjeld i 2027: 1,4 milliardar kroner


Budsjettet skal nå behandlast i alle politiske utval, og vedtak i kommunestyret 17. desember 2026. Heile planen kan lesast her: Ansvar og handlekraft mot 2036