Lesehjelp

Viktig melding

Lukk meldinga
  • HGP - Arrangement

Kvifor bry seg om / Primstaven

Dato

Torsdag 16. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 12.00 - 14.00

Stad

Hå gamle prestegard

Kva er ein primstav? Korleis organiserte folk liva sine med primstaven? Og ville livet blitt betre om me gjekk tilbake til dette kalendersystemet?

 

Saman med Ellen Hagen ved Arkeologisk museum i Stavanger ser me nærmare på primstaven. Arrangementet er i samarbeid med Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.   

I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om -arrangement. Arrangementa vil vera opplysande og underhaldande. Tema skal vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle eller spesielle.

 

Utgangspunktet for oktober-arrangementet er at ein snur primstaven. Primstavsnu er markert med eit vottesymbol, og Ellen Hagen vil ta med både primstaven og votten, nærare bestemt jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Her er det berre å gle seg! Hagen vil fortelja oss kva ein primstav er, korleis folk organiserte dagane før i tida, og kva me kan læra av primstaven i dag. Etter foredraget blir det mogleg å delta på demonstrasjon og uttesting av den gamle og raudlista handverksteknikken nålebinding. Modellen for teknikken er ingen ringare enn jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Dei som vil kan og få med seg oppskrifta på jubileumsvotten heim.

 

Ellen Hagen arbeider som museumspedagog på Arkeologisk museum i Stavanger. Ho har lang erfaring i å formidla historier frå steinalderen til i dag for både unge og vaksne, og driv i tillegg undervisningsopplegg og demonstrasjonar i gamle handverk, slik som blant anna nålebinding.

 

Program: 

Kl 12.00-13.00: Foredrag om primstaven, ved Ellen Hagen

Kl 13.00-14.00: Demonstrasjon og uttesting av nålebinding

 

Velkommen! 

Inngang: 100 kr

Inngang inkluderer servering av kaffi/te og lefser.

Påmelding til: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med Kvifor bry seg om / Primstaven”

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Om staden

Namn

Hå gamle prestegard

Om arrangementet

Pris vaksen
100 kr