BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4917//EN
BEGIN:VEVENT
UID:e944c0b7-164a-2102-f362-c625a726929d
SUMMARY:Kvifor bry seg om / Primstaven
DESCRIPTION:I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om -arrangement. Arrangementa vil vera opplysande og underhaldande. Tema skal vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle eller spesielle. Utgangspunktet for oktober-arrangementet er at ein snur primstaven. Primstavsnu er markert med eit vottesymbol, og Ellen Hagen vil ta med både primstaven og votten, nærare bestemt jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Her er det berre å gle seg! Hagen vil fortelja oss kva ein primstav er, korleis folk organiserte dagane før i tida, og kva me kan læra av primstaven i dag. Etter foredraget blir det mogleg å delta på demonstrasjon og uttesting av den gamle og raudlista handverksteknikken nålebinding . Modellen for teknikken er ingen ringare enn jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Dei som vil kan og få med seg oppskrifta på jubileumsvotten heim. Ellen Hagen arbeider som museumspedagog på Arkeologisk museum i Stavanger. Ho har lang erfaring i å formidla historier frå steinalderen til i dag for både unge og vaksne, og driv i tillegg undervisningsopplegg og demonstrasjonar i gamle handverk, slik som blant anna nålebinding. Program: Kl 12.00-13.00: Foredrag om primstaven, ved Ellen Hagen Kl 13.00-14.00: Demonstrasjon og uttesting av nålebinding Velkommen! Inngang: 100 kr Inngang inkluderer servering av kaffi/te og lefser. Påmelding til: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med “ Kvifor bry seg om / Primstaven”
DTSTART:20251016T100000Z
DTEND:20251016T120000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20250821T114446Z
DTSTAMP:20260920T190828Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
