Vibereiret barnehage er ein av dei eldste barnehagane i Hå. Den blei bygd i 1972 og blei driven av Nærbø Sanitetsforening fram til 18.01.1988, då kommunen overtok drifta. Barnehagen blei bygd om og bygd på i 2004-05, der det blei lagt vekt på universell utforming av både bygg og uteområde.
Gjennom visjonen og verdiane ynskjer me å seie noko om kva me i Vibereiret barnehage ser som det viktigaste i vårt arbeid, og kva me legg vekt på i kvardagen. I barnehagen skal barna møte vaksne som gjev god omsorg, er anerkjennande, og syner respekt. Tryggleik, humor, glede og gode relasjonar skal prega samspelet mellom barn og vaksne. Me vaksne skal anerkjenna og ivareta barndommen sin eigenverdi.
I tillegg til «Lov om barnehager», så gjev «Rammeplan for barnehagen» oss ein sterk og forpliktande retning for barnehagen sitt verdigrunnlag, innhald og oppgåver.
Me har ca. 65 plasser fordelt på 3 avdelingar, mengde barn kan variere frå år til år.
Avdelingane
- Småbarnsavdeling: 0-2 år
- Mobilnummer til avdelinga: 99 21 48 77
- Pedagogisk leiar: Jorunn Riisa Wiig
- Mellom avdeling: 3-4 år
- Mobilnummer til avdelinga: 99 21 48 64
- Pedagogisk leiar: Erzsebet Sinko
- Stor avdeling: 3-5 år
- Mobilnummer til avdelinga: 99 21 48 12
- Pedagogisk leiar: Linda Gudmestad
Annan nyttig informasjon
- Barna må ha fem veker ferie i løpet av barnehageåret. Tre av desse skal vera samanhengande om sommaren, i perioden 01. juni - 15. august. Barnehagen er stengd i veke 29 og 30.
- Den fjerde veka kan takast når dere måtte ynskje det. Den kan delast i einskilde dagar. Planleggingsdagane vert rekna som 1 ferieveke.
- For at fri skal reknast som ferie, må me ha beskjed seinast ei veke i forkant. Då går du inn i appen Min barnehage, klikk på «Fråvær» og registrer dagen(e) som ferie. Det kjem lister med eigne fristar i samband med haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie. Har barnet ditt fri i desse periodane vert det automatisk registrert som ferie.
- Me er avhengige av oversikt over når barna tek ferie for å kunne planlegge ferie og avspasering for personalet. Dette for å sikra at me alltid har nok personale i forhold til mengde barn på avdelingane.
- Sjuke barn skal haldast heime. Foreldre må vurdere barnet sin allmenntilstand med tanke på kva som er best for barnet, samt vurdere smittefaren.
- Vi tek kontakt dersom barnet er uopplagt.
- Barnet skal i hovudsak vera frisk nok til å vera ute i barnehagen. Det er ein regel om at barnet har rett til å vera inne èn dag etter alvorlig/langvarig sjukdom. Dette kan ikkje praktiserast dersom det er planlagt aktiviteter ute.
- Det kan gjerast unntak for kronisk sjukdom.
- Medisinskjema fyllast ut dersom barnet skal gjevast periodevis/fast medisin i barnehagen.
Tenkt plan for overgang frå Snøklokka til stor avdeling
I Rammeplan for barnehagen står at «Personalet skal sørge for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjent med barna og personalet når de bytter barnegruppe».
Frist for hovudopptak i barnehagen er 01.03. kvart år. Det inneber at me ikkje veit korleis aldersgruppene og avdelingane vert før i byrjinga av april.
Me ynskjer likevel å starta med intern overgang/tilvenjing i midten av januar, men på eit generelt nivå.
- barna som fyller 4 år i løpet av året byrja å gå på besøk på Solsikka i lag med sine primærkontaktar
- det vert avtalt ein fast dag og klokkeslett i veka
- barna deltek i leik og aktivitetar på stor avdeling/felleskjøkken, eventuelt har avdelinga for seg sjølv viss dei store barna er ute eller på tur
- barna vert førebudd på dette, utan at det vert sagt kva avdeling dei skal høyra til frå hausten.
- Når opptaket er over, og foreldre til nye barn har takka ja/nei til barnehageplassen, vert barnegruppene satt saman
- nokre av 2-åringane på Snøklokka skal over til Prestekragen (2-3 år)
- det vert avklart kven av dei vaksne på "ny" avdeling som skal vera primærkontakt for kva barn
- barnet og føresette vert fortalt kva avdeling barnet skal gå på frå hausten, og kven som vert primærkontakt
- barnet deltek i leik, aktiviteter, samling og/eller måltid på «sin» avdeling, enten i lag med noverande primærkontakt eller ny primærkontakt
- foreldre får tilbod om å vera med på besøk på den nye avdelinga i juni
- første dag i nytt barnehageår kjem Snøklokka-barna på Snøklokka frå morgonen av
- foreldra hjelper barnet å flytta sine ting frå garderoben på Snøklokka, til garderoben på den nye avdelinga
- ny primærkontakt tek imot barnet og hjelper med å setja alt på plass i garderoben
- Tilgang til Snøklokka for dei «gamle» barna
- det vil som regel vera barn som har behov for å få gå tilbake til Snøklokka på besøk dei første vekene om hausten
- dette må barna ha moglegheit til, det vert lagt til rette for dette ut frå behov