Kven kan kome til helsesjukepleiar?
Alle kan kome innom for samtale, men det er greitt å seie i frå til læraren kor du skal om det er i ein skuletime.
Føresette kan ta kontakt på telefon.
Linda Rosnes: +47 45 87 61 34
Åsne Aarsland Stangborli: +47 41 53 27 64
Kva kan helsesjukepleiar hjelpe med?
Helsesjukepleiar har teieplikt, og kan snakka med barna om ulike spørsmål og utfordringar dei måtte ha. Dette kan vere alt frå spørsmål relatert til kropp, kost, trening, psykiske vanskar, mobbing, vaksinar og/eller andre tankar som kvernar hos barn og unge.
Korleis tek elevane kontakt?
Elevane kan kome innom kontoret til helsesjukepleiar. Er ho oppteken då, ta kontakt for å avtale ei anna tid. Dei finn helsesjukepleiar sitt kontor frå utsida av skulen.
Vaksineprogram
Helsesjukepleiarane har ansvar for vaksinering av elevane. Trykk her for å lesa meir om vaksinasjonsprogrammet.