6.1 Samarbeid internt i barnehagen
Vi har fokus på at Stokkalandsmarka barnehage er ein barnehage, der vi ynskjer at personalet skal kjenne til alle barn. Når vi er ute leikar vi på tvers av avdelingane og når vi er inne går vi av og til på besøk til kvarandre. Dette gjer vi for å skape gode realsjonar mellom barna og vaksne på andre avdelingar.
Vi har aldersreine grupper, på tvers av avdelingane, dersom barn som er født same år vert delt på to fargar. Vi har aldersreine grupper ei gong i veka saman med personal frå begge fargane.
6.2 Samarbeid med eksterne instansar
Vi samarbeider med ulike instansar internt i Hå kommune. PPT, pedagogisk psykologisk teneste. Renate Kydland er vår kontaktperson. Ho gir oss rettleiing i høve til barn som er meldt opp til PPT. Renate deltek på møta i ressursteamet.
Barneverntenesta. Vi har ein kontaktperson der som heiter Heidi Gudmestad. Hos henne kan vi få råd dersom det er noko vi lurer på. Elles deltek ho på møta i ressursteamet.
Helsesøster. Vår kontaktperson på Vigrestad helsestasjon heiter Monica Aanestad. Ho deltek og på møta i ressursteamet.
Spesialpedagogisk team. Torhild Skårland er barnehagen sin kontaktperson. Ho er i barnehagen ein dag i veka. Ho arbeider individuelt med oppfølging og gjer råd og veiledning til personalet .
Familiesenteret i Hå kommune tar seg av foreldreveiledning, samtaler og kurs. Dei held til på Nærbø. Barnehagen kan gi anbefaling til foreldre om å ta kontakt med familiesenteret, men foreldre må sjølv ta kontakt.
Tenesteområdet oppvekst. Der samarbeidar vi med fleire om både pedagogiske- og praktiske spørsmål.
UiS. Vi er praksisbarnehage for barnehagelærarstudentar ved Universitet i Stavanger. Vi har to veiledere i barnehagen og det er i år satt opp 4 praksisperioder for studentar i barnehagen.